fredag 7 april 2023

Øyvind Strømmen, MDG:

Kven er denne alvorlege mannen? Jo, det er Johan Sebastian Welhaven. Kva gjer han her? Vel, det kjem eg attende til.
Før det: For eit par år sidan no skreiv eg ein post her inne om kvifor eg skifta syn i EU-spørsmålet. Om korleis eg gjekk frå nei til ja.
Eg skal gjenta litt av den historia her: I 1994 var eg ein nei-gut på 14 år. Etterkvart som eg vart vaksen vart eg ein nei-mann, mykje fordi eg plasserte meg sjølv solid på venstresida i norsk politikk, og fordi det å vera EU-motstandar var noko nær ein del av identiteten til denne venstresida og til miljørørsla eg også tilhøyrde. Men rundt 2003 - 2004 forlot eg av ulike årsaker den radikale norske venstresida, i det det gjekk opp for meg at eg var usamd med dei.
Og ikkje lenge etterpå forlot eg også Noreg, fordi eg forelska meg i verdas beste dame, ei dame som tilfeldigvis var belgisk.
Eg flytta til Belgia, og det såg ei tid ut til at eg skulle bli buande der. Difor tenkte eg at det var naturleg å engasjera seg i politikk i mitt nye heimland (det var jo også ein sjanse til å verta kjend med belgiarar som ikkje var venar av mi kone, og det syntest eg var litt viktig). Eg las meg opp på partiprogram, og bestemte meg for å gå på eit møte i Grøn Ungdom. Eller altså: Jong Groen.
Det var som å kome politisk heim. Eg fann folk som vart opptekne av det same som meg, som hadde dei same idéane om samfunnsutvikling og som også hadde dei same innvendingane til både høgresida og venstresida som eg ofte sat med. Rett nok var nokre av desse folka litt rare, men hey, eg er jo også litt rar, så det passa forsåvidt fint.
Eg diskuterte masse med mine nye vener. Me var sjeldan usamde. Heilt til ein dag. Det var den dagen me kom til å diskutera EU. Då oppdaga eg at mine nye venar var dedikerte EU-tilhengjarar.
Fram til eg flytta til Belgia var eg ein ivrig lesar av Nei til EU-tidsskriftet Standpunkt, så dette var naturleg nok litt vanskeleg å svelga. Eg likte jo også godt å sitera eitt av dei versa av "Millom bakkar og berg" som ikkje står i borgarlege sangbøker: "Sudom havet han stundom laut skrida. der var rikdom paa benkjor og bord. Men umkring saag han trældomen kvida, og so vende han atter mor nord"
Ein kan kanskje kalla det som fulgte ei identitetskrise. Rett så gale var det nok ikkje, men det heile fekk meg til å tenkja at her er det nokon som tek feil. Og kanskje... kanskje er det meg.
Så eg byrja å lesa meg opp på EU. Det gjorde mellom anna at eg oppdaga EU som fredsprosjekt. Det gjorde også at eg innsåg at EU slett ikkje var det nyliberalistiske, ekstremliberalistiske monsteret eg hadde blitt fortalt om. Brått las eg om dei fire fridomane utan å høyra Beethoven sin dommedagsmelodi (da-da-dam-DAA) i hovudet, og såg eg at det blant anna handla om fridomen eg sjølv hadde til å flytta til Belgia og til å finna meg jobb utan å måtta bruka endå meir tid på det notoriske belgiske byråkratiet enn det eg allereie gjorde.
Eg byrja å tvila på nei-standpunktet mitt. Eg byrja å tenkja at mine nye, grøne venar hadde eit poeng.
Og eg skjøna iallfall at eg vanskeleg kunna anklaga dei for å vera tilhengjarar av nokon ekstrem marknadsliberalisme. Eller for å vera naive. Ikkje minst fordi diskusjonane eg hadde hatt med dei avslørte at dei kunne meir om EU enn det eg gjorde.
Og så fekk eg ein ny jobb, som gjorde at eg oppdaga eit EU-direktiv som på mange måtar slo spikeren i kista for mitt nei-standpunkt. Det heiter RoHS-direktivet, og vert gjerne kalla "rose-direktivet" som i blomen, men handlar om "restriction of hazardous substances", eller meir spesifikt om å halda bly og kadmium og slike ting unna forbrukarelektronikk.
Det vart innført i 2004, og det var tvers gjennom gode nyhende, frå ein miljøståstad og frå ein forbrukarståstad, og ikkje berre i Europa. Fordi EU er ein stor marknad påverka direktivet snart produksjonen av elektronikk i andre land. Og fordi ein del elektronisk avfall ender opp med å bli eksportert frå Europa var direktivet også i høgste grad til fordel for miljøet i landa der europarar kvitta seg med avfall (ein praksis eg elles har mykje stygt å seia om).
I Noreg har dei færraste -høyrd- om RoHS-direktivet, men for meg vart det eit framifrå døme på fleire ting. For det fyrste: Overnasjonalt samarbeid var eit utvilsamt gode for å løysa problema RoHS-direktivet vart laga på grunnlag av. For det andre: RoHS-direktivet var eit døme på at EU inntok ei leiartrøye i miljøspørsmål (det har dei -også- gjort i klimaspørsmål og i ein del klassiske naturvernspørsmål). For det tredje: RoHS-direktivet var eit døme på korleis EU tøyler marknadskreftene, på korleis EU syter for regulering av omsyn til helse, miljø og tryggleik, på korleis EU rett og slett ikkje -er- prega av nokon rå marknadsliberalisme.
Eg følte meg lurt av den norske neisida.
Og eg liker ganske dårleg å bli lurt.
Det gjer eg heller ikkje idag, og eg kunne ha lista opp andre direktiv og andre politiske initiativ der EU går i riktig retning, medan Noreg går i feil. Men det er ikkje det som er grunnen til at eg er EU-tilhengar: Grunnen til at eg er EU-tilhengar kviler på tre grunnleggjande idéar.
For det fyrste: Eg er overbevist internasjonalist - og ser også på det som ei naturleg følgje av grøn politikk.
Eg meiner me står framfor store grenseoverskridande utfordringar, innan klima, innan naturvern, men også når det gjeld spørsmål som til dømes demokratisk kontroll med økonomien, kamp mot skatteparadis, kamp mot sosial dumping, kamp mot grenseoverskridande kriminalitet, og så vidare. Lista er lang.
Difor meiner eg internasjonalt samarbeid er grunnleggjande viktig.
For det andre: Eg er overbevist demokrat, eit standpunkt som også kviler på min grøne ideologi. Eg meiner at overnasjonale samarbeid også bør kvila på demokratiske strukturar, og at det er særleg viktig med samarbeid mellom demokratiske statar.
EU er det beste dømet på det fyrste, og eit nærliggande dømet på det andre i vår del av verda. EU har utvilsamt også spela ei viktig rolle i å utvikla og i å forsvara det liberale demokratiet, sjølv mot medlemsland som dei siste åra har slått inn på ein mildt sagt trøblete kurs.
For det tredje: Eg er oppteken av demokratisk deltaking. Det norske tilhøyret til det europeiske samarbeidet i dag er prega av eit demokratisk underskot, og det er ikkje på grunn av lobbyistar i Brussel, men på grunn av me som land har teke eit medvite val om å stå utanfor dei -demokratiske- prosessane, sjølv om me står innanfor på så mange andre måtar.
Heile idéen om annleislandet er ein idé om utanforskap. Det medfører mellom anna at me er fråkopla europeisk debatt om viktige spørsmål. Istadenfor å diskutera europeisk energipolitikk - der det finst mange ulike syn både i og mellom europeiske land - har me her til lands ein debatt prega av reine myter om ACER, og ofte med sterke innslag av at me skal vera oss sjølv nok.
Eg kjem til å tenkja på Welhaven, som har eit ufortent dårleg rykte. I "Norges Dæmring" - diktverket som starta den såkalla demringsfeiden med Wergeland - skreiv han:
"Det er da Daareverk at ville hemme,
Med kraftløs Haand Skidbladner i sin Gang;
Det staaer ei stille ved Sirene-Sang,
Det la’er sig ei af noget Vagtskib skræmme.
Og om vi nu forskandsed os her hjemme,
Vandt vi da ægte Norskhed i vor Tvang?
Ak, fremmed Frugt groer alt paa Norges Vang,
Og fremmed Viisdom i vort norske Nemme."
Han hadde rett, Welhaven. Og for å vera ærleg, og der har me kanskje den fjerde grunnen, eller den fyrste igjen: Eg vil ha eit Noreg som er utadvendt, og ikkje innadvendt. Men debattane våre om Europa er ofte prega av det innadvendte, når me til dømes byrjar å diskutera viktige EU-direktiv, fyrst fleire år etter at dei har vorte innført, etter demokratiske prosessar våre naboland (med unntak av det eine, store) deltek i.
Difor er eg EU-tilhengar.
For to år sidan var eg likevel i tvil om kor vidt partiet burde innta same posisjon, av strategiske omsyn. Det har eg endra syn. Eg meiner det no er riktig å innta ei uttalt stilling -for- norsk EU-medlemskap, og eg meiner det vel vitande om at nokre då vil velja oss bort.
Kvifor? Jo, fordi eg meiner Noreg nettopp treng eit slikt parti som eg møtte i Belgia: vekstkritisk, men pro-europeisk; med hjarta til venstre, men pro-europeisk; milevis unna nokon ekstrem marknadsliberalisme, men pro-europeisk. Eg meiner det å tydeleggjera vår internasjonalisme, også gjennom å ta stillng for EU, på sikt vil tena partiet. Eg meiner det vil auka veljargrunnlaget vårt. Og eg meiner at det er riktig tidspunkt å gjera det, i ei tid der Europa har meir behov for å stå samla, i ei tid der verda er meir utrygg, i ei tid der det eine, store nabolandet på ny har gjort alvor av sine imperialistiske ambisjonar, og i ei tid der den politiske utviklinga i USA - som mykje av norsk utanrikspolitikk har kvilt på - er heller uviss.
Kanskje tar eg feil i dette. Eg har tatt feil i ting før. Sidan eg ikkje skal på landsmøtet i MDG, er det kanskje heller ikkje nokon som tek seg bryet med å prøva å overbevisa meg om at eg tek feil. Men om nokon skulle villa ta seg bryet, har eg nokre råd.
For det fyrste: ikkje prøv å framstilla EU-standpunktet mitt som "ugrønt" eller som eit brot med røtene til grøn ideologi. Det kjem ikkje til å virka. Eg er EU-tilhengar -fordi- eg er grøn, og standpunktet mitt kviler på grøn politisk tenkning, slik eg kjenner den frå heilt sidan eg fyrst vart medlem i eit grønt parti i 2005.
For det andre: ikkje prøv å framstilla EU som noko anna enn det der er, eit samarbeid, og ein politisk verkstad. Om du søkjer å framstilla det som "ekstremt marknadsliberalistisk" eller liknande, ja, så har eg høyrd argumentet før, lete meg lura, og er eg ikkje viljug til å lata meg lura igjen.
For det tredje: ikkje forsøk å framstilla den klåre innstillinga frå sentralstyre eller landsstyre som om dei ikkje skjøner sitt eige parti, berre er opptekne av eigne posisjonar eller manglar kontakt med grasrota. Slike argument er ikkje berre usaklege og ufine, dei er også direkte usanne. Når folk fører slike argument, blir det gjerne til at eg mistenker at standpunktet deira ikkje er særleg velgrunna.
For det fjerde: Ikkje inkluder meg i ei vi-gruppe eg ikkje høyrer heime i.
Eg er folkevald for MDG i ein liten distriktskommune, og EU-tilhengar. Ikkje snakk for "grasrota" eller "distrikta", snakk for deg sjølv. Gje meg gode argument, om det no er for kvifor eg tek feil om EU eller om det er for kvifor eg tek feil i strategiske vurderingar. Du vil finna nokre av dei om både landbruks- og fiskeripolitikk, men om du elles skal finna dei, vil det også neppe halda å gjenta fraser frå 1994 eller frå avisa Standpunkt. Dei kjenner eg ut og inn. Fordi eg trudde på dei, men ikkje gjer det lenger.
Til gjengjeld har eg ei oppmoding til ja-folk også. Det finst sjølvsagt mengder av folk på nei-sida som fører ein beint fram nasjonalistisk retorikk, og det også på den norske venstresida. Eg har hakka på eitt av dei sjølv, i dette innlegget.
Men sjå forbi desse, og lytt til dei betre argumenta. Det er ikkje sikkert at dei vil få deg eller meg til å forandra syn, men dei kan likevel fortelja oss ja-folk ganske mykje om kva EU må bli betre på, og om kva grøn europeisk politikk må innebera. Dei kan med andre ord gje oss idéar å ta med oss.
Elles som Welhaven skreiv:
Hvad nu er Ord, skal engang vorde Daad,
Hvad nu er taust, skal finde stærke Munde
I Thingets Sale og i Templets Buer.
Hvad nu er Larm, skal blive vise Raad,
Og visne Ho’der byttes om med sunde; —
Hvad nu er Glimt, skal engang vorde Luer!

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar