tisdag 11 april 2023

Margit Fausko, MDG:

Nordmenn flest er i verdstoppen på velstand. Og me forbruker som om me hadde 3,6 jordkloder. Samtidig har me aukande skilnadar, svak beredskap og offentlege tenester som er underfinansiert og tærer på seg sjølv.
Jordbruket utgjer ein av dei store gruppene med økonomiske taparar i landet, med ei medianinntekt per årsverk på 212.000 kr. Eit heilt årsverk, som forøvrig bøndene må jobbe 95 timer meir i året for enn alle andre. Denne inntekta skal også dekke avkastning på kapitalen bøndene har spytta inn i driftsapparatet, slik at hen kan vedlikehalde eller reinvestere når driftsapparatet er slitent. Dette er tal frå ein fersk, offentleg utgreiing (Grytten, 2023). Jordbruket sjølv har store interne forskjellar, men med dette som median er det ikkje rart at det berre er rester igjen av jordbruket, sjølvforsyningsevnen alarmerende låg, gjennomsnittsalderen for bønder kryp seg stadig nærmare 60, og rekrutteringa er stadig svak.
Gjennomsnittsinntekta i landet er til samanlikning ca 600.000. Og fleire grupperinger, så vel som parti, fortel at me må på død og liv ikkje ha ein politikk som gjer at me brukar meir pengar på mat. Nei, då må me heller omfordele. Eg er einig i at skatten må aukast også for folk med mindre enn 800.000 kr i inntekt. Samfunnet er tryggast og trivlegast når me kan ete rundt same bord.

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar