fredag 31 oktober 2014

Spansk, teckenspråk och engelsk.

Flerspråkig information i New York:

Lat oss vende attende til orkanen Sandy og korleis styresmaktene i USA løyste kommunikasjonsutfordringane sine. På Internett finn vi fleire videoopptak av pressekonferansar som vart haldne av borgarmeisteren i New York, Michael Bloomberg. På engelsk, hovudspråket i USA, gjer han greie for det innbyggjarane bør få vite om risiko og forholdsreglar og tiltak. Ved sida av han står ein tolk som tolkar alt han seier, til amerikansk teiknspråk. På slutten av utgreiinga gjentek borgarmeisteren hovudpunkta sine, men no på spansk.


Amerikansk teiknspråk og spansk er mellom dei største minoritetsspråka i USA. Ved å inkludere desse språka i pressekonferansen oppnådde Bloomberg minst to ting.
For det første fekk han spreidd den livsviktige informasjonen om orkanen til endå fleire enn om han hadde halde seg til engelsk. Ikkje alle spansktalande i New York meistrar engelsk så godt. Og mange av dei som bruker amerikansk teiknspråk, er døve og høyrer ikkje det som blir sagt på talespråk.
For det andre fekk han vist tv-sjåarane at han veit at han leier ein mangespråkleg by. Ved å synleggjere desse språka signaliserte han at alle som bor i byen hans, var med i målgruppa for informasjone

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar