måndag 6 november 2017

Amelias tankar i god tekst.

DEBATT VG Verdens gang. 06.11.2017.

Kvar er motstanden i folket vårt? 
Kvar er dei sterke røystene som seier «me vil dele, kom inn»! 
Mitt brød er ditt brød. Mi jord er di jord.

AMELIA GÒMEZ SNERTE, 15 år, Hemsedal.
I dag var eg på Trandum, Politiets utlendingsinternat, for fyrste gong i mitt liv. Eg var der som prinsesse. Eg var der som barnet som tittar inn gjennom sprinklane i dyrehagen. Eg var der som meg. Trandum lukka mottak er kaldt og skremmande. 5 meter høge metallgjerde med dobbel piggtråd på toppen ruvar rundt bygninga. Doble grinder, ingen kjem inn, ingen kjem ut. Trandum er uverkeleg og bortgøymd. Trandum er helvetet i Guds bakgard.
På Trandum sit VÅR Yosef. Eit barn. Eit sytten år gamalt liv. På Trandum sit ein gut utan tilhørigheit, utan tryggleik, utan fred.
Yosef er på flukt kvar einaste dag. Tenk på det. Kvar einaste dag heng redsla over han og kviskrar i øyra hans: «Du er ikkje trygg her». «Du kan ikkje stole på nokon». «Du er ingenting». «Du er heilt åleine».For to år sidan vart far til Yosef drepen av Taliban i Afghanistan. Seinare kom dei og tok Yosef òg. Dei sa at han måtte vere sjølvmordsbombar. Dei ba han om å drepe uskuldige menneske i Allahs namn. Dei ba han om å ta sitt eige liv.
Yosef sa nei. Yosef er eit lite barn i den store, stygge verda, og han sa nei. Han ville ikkje døy. Då skar dei av han fingrane. Dei lemlesta og krenka han. Dei øydela eit barn.Yosef klarte å rømme. Han klarte å flykte heilt frå Afghanistan, og hit til Noreg. Han kom hit med eit håp om at nokon ville redde han. Han kom hit med eit håp om ei framtid. Mora si, og syskena sine har han sidan aldri har høyrd frå.
Yosef forlet alt, for å gå ut i ingenting. Han er ein av mange i ein kamp som handlar om å få leve. Han vil jo berre det same som du og eg? Han ynskjer seg kjærleik, omsorg, tryggleik, glede! Kanskje familie ein dag?I staden sit han innestengt i eit fengsel, fanga av redsla. Yosef blir kanskje aldri 18 år. Yosef får kanskje aldri vere trygg igjen. Yosef blir kanskje sendt i døden om to veker.
Dette veit Yosef. Dette har Yosef lært. Av verda, av krigen, av Noreg. No er han innelåst. Einsamheita er hans einaste følgesvenn.
Norske myndigheiter leikar med hundrevis av liv. Me nordmenn trampar på menneskerettane og sviktar våre eigne. Kvar er empatien? Kvar er respekten? Kvar er kjærleiken og likeverdet som me pratar så høgt om?
Kvar er motstanden i folket vårt? Kvar er dei sterke røystene som seier «me vil dele, kom inn»! Mitt brød er ditt brød. Mi jord er di jord.Kva er me på veg? Kva har velferda gjort med oss? Er me vortne grådige og kalde - egoistiske og trangsynte. Eller?
Politikarane skal representere folket. Politikarane skal tale vår sak, gje oss det beste av det beste. Så reis deg opp då vel! Kom deg ut av sofaen, menneske, og vis at du bryr deg! No! Rop at du har hjarterom og husrom til overs. Me må fortelje dei som styrer landet vårt at me har meir å gje!
I kveld har eg tennt tre lys. Eit kvitt for fred, to raude for kjærleik og respekt.


Inga kommentarer:

Skicka en kommentar