söndag 12 december 2021

Forklaringer:

Øyvind Strømmen forklarer :

Eg deler denne artikkelen, ikkje berre fordi den samanfattar det heile bra, men også for å dela denne utvekslinga i kommentarfeltet:
Runar: Når vi sier ACER og mener ACER så er det det samme som vi mener utenlandskabler. 2 ting av samme sak.
Nils Egil: Nei, det er det ikke. Her blander du motorveier og vegvesenet.
Nils Egil har eit poeng. Det at den norske kraftmarknaden heng saman med omverda, noko som for øvrig er eit resultat av norske politiske vedtak, inneber sjølvsagt at europeiske straumprisar påverkar oss. I 2019 gav det oss, slik artikkelen frå faktisk.no er inne på, lågare straumprisar enn me elles ville hatt. Slik er det ikkje no, i møte med ei energikrise som råkar heile Europa.
Men istadenfor å diskutera trafikksituasjonen, diskuterer me Vegvesenet.
Uansett: den tilknytinga tyder også at me har betre forsyningstryggleik. Og den tyder at me tener pengar.
Eg seier me. I det siste har eg lest ein del om både "mafia" og "kraftbaronar" i ein del kommentarfelt. Men sanninga er jo at dei norske kraftprodusentane i svært stor grad er eigd av oss alle, av staten, av fylker, av kommunar. Det er desse eigarane som no får ekstra inntekter.
Også Samnanger kommune, min heimkommune, får ekstrainntekter, ikkje grunna slikt eigarskap, men på grunn av konsesjonskraft. Prognosene tilseier no at me får 4,8 millionar kroner meir i inntekter frå denne neste år enn det kommunen fyrst hadde rekna med. Det inneber at kommunen har hatt råd til å løyva 2 millionar kroner ekstra til vedlikehald, og 1 million kroner ekstra til ENØK-tiltak, og også at det har vore pengar til å dryssa over formål som nytt piano på barneskulen, eit finare uteområde på ungdomsskulen, og merking av ei tursti (der friviljuge uansett har gjort ein langt større innsats).
Slik ser norske kraftbaronar ut. Dei brukar pengar på piano på barneskulen.
Det at det offentlege tener gode pengar på høge straumprisar (og høge gassprisar) er sjølvsagt eit godt argument for at Staten bør gå inn med tiltak for å hindra at både vanlege og meir uvanlege folk vert skadelidande av dei høge prisane. Det ligg eit paradoks i at me er seinare ute med dette enn ein del EU-land som ikkje får store ekstrainntekter.
Difor er det bra at regjeringa no har funne ei løysing. Er ho fullgod? Ikkje etter mitt syn. Kanskje vil forhandlingar med SV gje ho ein klårare sosial profil. Eg voner på ei ordning som bidreg mest til dei som treng det mest.
Men uansett kva eg meiner om det: Regjeringa har lagt fram ei løysing. Og det er bra.
Imens kan Samnanger kommune til dømes satsa på energiøkonomisering, noko som var viktig for underteikna - som folkevald MDG-ar - å få inn i budsjettet. Fleire burde satsa på ENØK. Regjeringa bør også treffa tiltak som gjer det lettare for fleire å satsa på nettopp det, til dømes gjennom støtteordningar som treff fleire heilt ordinære hushaldningar.

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar