lördag 2 oktober 2021

Dag Jørund Lønning:

 

Gode vener av levande mold og natur,

Då eg gav ut den første Jordboka, var eg veldig usikker: Var folk klare for verkeleg endring? Det var de så definitivt!
Bokserien som kjem no, stiller endå større spørsmål enn det jordbøkene gjorde. Til dømes:
Korleis ser eit naturnært menneskesamfunn ut? Kvifor blei det potensielt mest kreative vesenet på denne planeten det mest øydeleggjande i staden? Og kva er eit EKTE grønt skifte?
Dei tre Losebøkene sprenger alle etablerte sjangrar. Eg måtte koma opp med ein ny: Filosofisk scenarieroman.
Her møtest diktarkunsten, nyskapingsfaget, filosofien, samfunnsvitskapen, naturinnsikta og kjærleiken til lokalsamfunnet.
Vener, det er klart for å sleppa laus ei urkraft; Grøntidslos Ascendere Promoveo. Han skal leia oss alle inn i ei ny tid. Ei tid for fred og samarbeid mellom menneskeætta og Mor Natur.
Les meir og bestill "Første Losebok: Naturanto" på den nye serien sine nettsider: https://loseboka.com/ .

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar