tisdag 24 augusti 2021

Marius Langballe Dalin, Sogn og fjordane MDG:

Eg har røysta, og det er ikkje hemmeleg at eg har røysta for klima og miljø.

Eg skal fortelje dykk kvifor det viktigaste eg har gjort i år er å røyste på noko eg trur på.
Eg er oppteken av å leve miljøvennleg, og eg prøvar så godt eg kan. Sjølv om eg gjer mitt beste ser eg at det ikkje monnar. Vi går i feil retning, og kloden tåler ikkje meir no.
I år har eg røysta for barna mine, for staden eg lev på og for naturen. Eg håpar at etter meg vil det vere folk som klatrar fjell og driv småbruk utan å leve i frykt for ras. At barn ikkje må streike for ein leveleg klode, men kan gå på skulen utan å frykte for klimaet.
Samtidig blir eg rørt og glad for å sjå det store engasjementet rundt oss no. Det viktigaste du tar med deg i stemmelokalane no er at det fins berre èin klode. Berre eitt parti som set naturen og klimaet først. Eg kan garantere alle i Sogn og Fjordane at eg skal kjempe for dei og naturen vår om eg kjem inn på Stortinget.
Kvar stemme tel. Bli med og mal norsk politikk grøn. Røyst MDG i dag!

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar