lördag 26 november 2016

Elektrifiering pågår.

Elektriske ferjer i Hordaland vann Zeros pris for årets lokale klimatiltak. Krav om fossilfrie byggjeplassar gav sølv til Oslo.
Hordaland fylkeskommune har sett krav om utsleppskutt på minst 55 prosent i ferjeanboda sine. Sju tilbod er delte ut, og på dei aktuelle strekningane sørgjer elektrisk drift for kutt på 87 prosent, skriv Zero i ei pressemelding.
– Dette er eit svært viktig føregangsprosjekt som viser krafta i å stille sterke miljøkrav i offentlege innkjøp. Tiltaket vil ha store ringverknader til andre fylkeskommunar og bidrar til ei grønare skipsnæring, fastslår juryen.
I hovudstaden er det miljøkrav til anleggsmaskiner som blir premiert. For første gong i Noreg er det blitt kravd at alle anleggsmaskiner på ein byggjeplass skal vere elektriske eller gå på biodiesel, skriv Dagsavisen.
– Det har stor betydning at Oslo viser veg ved å stille krav om fossilfrie byggjeplassar. Tiltaket kuttar store utslepp og bidreg til å byggje opp ein marknad for klimavennlege anleggsmaskiner, heiter det i grunngjevinga.
Tredjeplassen gjekk til Tønsberg for biogassanlegget Den magiske fabrikken. 

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar