tisdag 20 april 2021

En kunstner snakker ut.

 Sissel Stangenes

·
WHY PÅ ENGELSK og ikkje på norsk?
Eg kan ikkje for det, men slik er det berre. Med meg. Mogleg andre har det slik og. Eg fell i stavar, i stor undring , sorg og avmakt over kunstetableringar, enkeltkunstnarar, kunstorganisasjonar, andre sin trong til å formidle sine aktivitetar på engelsk. Why?
Enkelte skriv all tekst på engelsk, ikkje eit ord norsk, sjøl om dei i grunna legg fram sine aktiviteter og oppgåver til eit norsktalande publikum. Why?
Eg meiner absolutt det er viktig, og riktig å bruka engelsk for å nå ut, være inkluderande, informativ, nå nye søkarar, besøkande, brukarar, nå alle.
Men når norsk ikkje ein gong vert brukt, er det noko som skurrar. Eg hadde trudd at nettopp kunst og kulturfaget ville legge stor vekt på god bruk av norsk i både tale og skrift.
Norsk er eit lite og sårbart språk som må brukast og vernast, det er morsmål, identitet og kultur.
At norsk vert oversatt til engelsk i tekstlege omtalar av utstillingar, kunstnarar, kunstprosjekt, kunststipend, søknadar, invitasjonar, anna er rett og rimeleg. Men når norsk ikkje ein gong vert nytta, er det grunn til å spør kvifor.
Det gjer illt i språksjela å registrera kor elendig det kan stå til, og visuellt kunstfag er ein absolutt versting.
WHY?
Linda Eide, kvar er du???

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar