måndag 14 september 2015

TENK NYTT - STEM GRØNT.

Tendensen på målingane blir stadig tydelegare: Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) blir ein av dei store vinnarane i kommune- og fylkestingsvalet.
Partiet ligg an til å få 4-5 prosent på landsbasis – på nivå med Venstre, KrF og SV, og ei femdobling sidan 2011. I dei store byane er framgangen endå sterkare. I Oslo ser MDG 10-talet, og både der og i Bergen kan partiet koma på vippen og avgjera kven som skal ha makta dei neste fire åra.

På alvor

Frå at MDG vart behandla som ein kuriositet, nærmast ein liten uskuldig persilledusk til pynt på den politiske tallerken, demrar det for dei andre partia og kommentariatet at partiet må tas på alvor. Jonas Gahr Støre går tøffare ut mot MDG, SV og Venstre like eins.

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar