torsdag 7 december 2017

Svein Lund skriver:

Samisk og antisamisk i Noreg
Det er i dag knapt mogleg i Noreg å seie ei heil setning om samar eller samiske forhold, utan at nokon vil seie seg usamde. Usemja er så total og altomgripande at det ikkje finst noko felles grunnlag å diskutere ut frå.
Gjennom fleire hundre år har det vore strid bland lærde og ulærde her i landet om kva plass samane har i norsk historie, og kva plass dei skal ha i dagens samfunn. Denne striden har ikkje funne noko løysing, derimot står partane lengre frå kvarandre enn nokon gong. Og særlig i det siste tiåret, etter at Finnmarkslova kom, har striden flamma opp som aldri før. Ingen andre debattar får det å koke over så mye for folk i den delen av landet der det tradisjonelt bur samar. Mens resten av landet forsøker å late som ingen ting og vil ikkje ta i debatten med eldtong.
Eg har så langt ikkje sett at nokon har gitt seg ut på å oppsummere dei to hovudsyna. Så eg skal stikke hovudet i vepsebolet og gjøre eit forsøk. Forhåpentlig vil dette bidra til å auke forståinga for kvifor denne debatten er så viktig for oss alle. Eg skal ikkje gi førutinntatte syn med å gi namn på dei to hovudsyna, så eg kallar dei ganske enkelt A og B.
Syn A var i stor grad eit vanlig utbreidd syn i forvaltning og blant historikarar før den norske nasjonale bølgja utvikla seg midt på 1800-talet. Da blei B etter kvart sterkare utbreidd, da dette synet passa betre inn i norsk nasjonalromantikk, i sosialdarwinistisk teori og i fornorskingspolitikken. Dette synet låg lenge til grunn for reindriftslovgivinga og domstolane i saker om samiske rettar. Heile tida var det protestar mot dette, noko som kom fram både i samiske aviser og organisering og i fråsegner frå norske geistlige og intellektuelle.
I etterkrigstida blei fornorskingspolitikken etter kvart slått tilbake, ideologisk og praktisk, og rundt 1970 som fleire viktige bøker som viste eit anna syn på samisk historie (Gjessing, Otnes). Ikkje lenge etter starta UIT med oppbygging av eit historiefaglig miljø som la stor vekt på nordnorsk og samisk historie. Alta-kampen førte til langt breiare interesse for denne historia, og gjennom arbeidet med Samerettsutvalet blei det trukke fram mye som hadde vore lite kjent.
Vi kan seie at i tida 1970-90 blei A-synet igjen meir dominerande innafor norsk historiefaglig og samfunnsfaglig miljø og dette påverka og det politiske livet og forvaltninga. Denne gongen var det B-synet, som no var kome i opposisjon, sin tur å ta opp kampen. Det gjorde dei i første rekke gjennom avisinnlegg, seinare digitalt gjennom sosiale medier, og dei utga også fleire bøker, i grenselandet mellom forsking og politiske kampskrift. Dette synet fikk i 2007 sin eigen organisasjon EDL, som hevdar å ikkje ha noko syn på samisk historie, men som likevel stadig arbeider for å redusere det samiske i den norske historia.
Kven kom først?
A. Det eldste språket og kulturen vi kjenner til på Nordkalotten er den samiske, som vi kan føre 2-3000 år tilbake i tida. Vi veit ikkje kva språk dei snakka i steinalderen, og det gir derfor ikkje meining å bruke dagens etniske omgrep om folka som levde her da. Samane reknast som urfolk fordi dei dominerte på Nordkalotten før andre folkeslag kom flyttande til og etter kvart la områda under statar og laga grenser. I Nord-Troms og Finnmark kjenner vi norsk innvandring på nokre få stadar på 900-talet, men elles først i noko målestokk frå omlag 1300.
Her finst og ein variant som er veldig enkel, men som dei aller fleste no meiner ikkje held vitskapelig mål, nemlig at samane kom rett etter isen trakk seg tilbake, sånn omlag 12000 år sidan og har vore i Nord-Noreg sidan. Undervariantar er at dei kom sørfrå og derfor var det første folket i heile landet og at dei kom austfrå gjennom noverande Russland/Finland. Tilhengarar av B framstiller det gjerne som at dette er synet til A.
B. Dei første innbyggarane i Finnmark var nordmenn og/eller kvenar. Når sagaen fortel om "finnar" var det ikkje samar, men andre finsktalande folkegrupper. Samane kom aller sist, dei aller første kom på 1200-talet da dei fikk løyve av den norske kongen til å slå seg ned på Finnmarkskysten. Før det hadde dei bare vore i noverande Sverige og Finland. Samar er derfor ikkje urfolk, i alle fall ikkje i Noreg.
Kven sine naturressursar?
A. Samar var tidligare omtrent aleine om å utnytte naturressursane i Indre Finnmark og dominerte fjordområda, mens nordmennene heldt til ytterst på kysten. Bruk i mange generasjonar ga rettar til bruksområda ut frå alders tids bruk, anten desse blei registerte av staten eller ikkje. Etter kvart etablerte nordmenn og kvenar seg meir og meir i bruksområde som samane hadde vore aleine om. Dei dyrka opp jord, hogde skog, overtok fiskeplassar og etter kvart sesongutnytting som ferskvassfiske og molteplukking. Styresmaktene favoriserte den norske befolkninga gjennom reglar for jordutvising og jordsalg. Styresmaktene sette sjølv igang eller ga løyve til mineralleiting og utvinning og kraftutbygging.
B. Finnmark har alltid vært statseiendom, der alle har like muligheter. Det finnes derfor ingen spesielle lokale etter etniske retter til ressurser, alle skal ha samme rett overalt. Samer har derfor ikke verken nektingsrett eller rett til erstatning ved inngrep i områder de har brukt.
Fornorsking?
A. Fra omlag 1850 arbeidde styresmaktene målmedvete for å utrydde samisk språk og kultur, gjennom å forby bruk av samisk språk i skole, kyrkje og offentlig forvaltning. Dette var nært kopla til ei framstilling av samisk kultur som noko mindreverdig som skulle avskaffast og ein rasistisk/sosialdarwinistisk framstilling av samane som ein underlegen rase. Fornorskinga har hovudskulda for at fleirtalet av samane i løpet av eit par generasjonar skifta språk og langt på veg identitet. Det er nødvendig med kraftige tiltak no for å rette opp skadeverknadane av fornorskinga.
B. Det har ikkje vore noko tvangsfornorsking. Det var nødvendig å gi samar og kvenar opplæring i norsk da det ikkje fantest lærebøker og lærarar på deira språk. Språkskiftet var frivillig, foreldre hadde innsett at språka deira ikkje var framtidsretta og snakka derfor norsk til barna for å gi dei ei betre framtid. Fornorskinga har vore til det gode fordi vi har fått eit felles språk og kultur. Det er ingen grunn til å angre noko eller gi noko form for erstatning.
Kven er same?
A. Same er ein kvar som reknar seg som det, og har minst 1 oldeforelder som hadde samisk som heimespråk. (Nokre vil også utvide meir, så ein kan reknast som same om ein er inngifta, snakkar samisk eller andre kriterier, på linje med at ein kan bli norsk.)
B. Same er bare den som ikkje har norske, finske, svenske eller andre ikkje-samiske aner. Ein er heller ikkje same om ein ikkje snakkar samisk, bur ved sjøen eller i byen eller har eit etternamn som har ikkje-samisk språklig bakgrunn. (F.eks. Keskitalo, Olli, Nystø, Larsen)
Reindrift
A. Reindrift er produsent av god og sunn mat og av råstoff til duodji og turistnæringa. Reindrifta er ein svært viktig samisk språk-, kultur- og kunnskapsbærar. Næringa har rett til sine tradisjonelle bruksområde og det er viktig å forsvare desse mot fleire naturinngrep.
B. Reindrifta fører til overbeiting og nedsliting av vidda og er den største truselen mot naturen i dag. Reineigarane er mot all utvikling og protesterer mot ei kvar bygging, fordi dei er ute etter erstatning. Dei gjeter ikkje reinen og bryr seg ikkje om at han øydelegg jorde og hagar på kysten. Dagens reindrift er organisert dyremishandling. Reindrifta har alt for mange rettar og må settast på plass.
Sametinget og offentlige løyvingar til samiske formål
A. Her er det delte meiningar på A-sida, så det må delast i to:
A1. Sametinget er eit uttrykk for det samiske folkets vilje og opprettinga av Sametinget viser at den norske staten har tatt ansvar for å ta vare på samisk språk og kultur. Det bør fortsette som i dag, som eit hovudsakelig rådgivande organ.
A2. Sametinget er ein formalitet som dekker over at samane framleis er koloniserte. Sametinget har inga makt, og er heilt avhengig av løyvingar frå styresmaktene, som sulteforar samiske næringar, skole, kultur- og språktiltak. Desse løyvingane er minimale i forhold til det som brukast på norsk kultur og i det som tidligare er brukt på å fornorske samane.
B. Sametinget er ein rasistisk institusjon bygd på eit rasistisk manntal. Det bør snarast leggast ned. Det skjer ingen diskriminering av samar i Noreg, og det er derfor ikkje behov for særlige tiltak. Sametinget er i dag eit pengesluk, for det går kvart år ein heil milliard kr. til samiske formål.
Samisk språk
A. Samiske språk er ein verdifull skatt som det er viktig å ta vare på for ettertida. Derfor har samiske elevar rett til opplæring i samisk på sitt nivå, og det blir gitt offentlige løyvingar til samiske språksenter.
B. Samisk er eit mindreverdig språk som ikkje inneheld ord for det moderne livet, og kan derfor ikkje nyttast i det moderne samfunnet. Foreldre som absolutt vil ha samisk for sine barn får sjølv sørge for dette, det er ikkje eit offentlig ansvar. (evt. til nød som andrespråk)
Det er ingen grunn til å bruke offentlige pengar på samisk språk og media, det får evt. samane sjølv sørge for.
Sjøsamar
A. Fleirtalet av samar i Noreg bur ved kysten eller har si tilknytning til fjord- og kystområde. For eit par-tre generasjonar sidan snakka dei fleste av dei enno samisk. Dei har vore utsett for hard fornorsking og har tapt mye av språk og kultur. Dei er likevel samar og har beholdt sine rettar til ressursområda sine. Det er ei viktig oppgåve for Staten og samiske institusjonar å arbeide for sikring av ressursgrunnlaget i sjøsamiske områder og gjenreising av samisk språk og kultur.
B. Sjøsamar finst ikkje, da dei er fornorska og blanda opp med norske og kvenske. Samisk språk har ikkje noko tradisjon på kysten og samisk språk har ingen ord for fiske og livet i og ved havet.
Dette kunne ha vore fortsatt enno lenger, kanskje andre kan bidra til oppsummeringa. Det er sjølvsagt litt forsinka, men alt eg har skrive her er ting eg har hørt/lest uttalt frå den eine eller andre sida.
Av norske politiske parti er i dag FrP aleine om å stå klart på posisjon B. Dei andre partia står gjerne for ein "moderert" utgåve av A, men utan å ta eit klart oppgjør med B-folka i eigne parti (Og dei finst overalt.)
Offentlige organ står normalt på A i teorien, men ender svært ofte med B i praksis.
Som sagt kan ein knapt seie eit ord om samar utan at nokon protesterer. Og no har eg sagt 1800, så da reknar eg med at protestane vil hagle inn. Vonar likevel at dette har vore litt til nytte for å rydde opp i debatten.

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar