fredag 14 juni 2019

Ole-Jacob Christensen:

ETTER EIN OLJERANGEL – eller en klimapolitikers sjelekvaler
Norske klimagassutslipp går upp, men snart vil dei gå raskt nedover og verta burte, i fylgje regjeringa og klimaministeren – trur dei.
Fritt etter Jakob Sande
I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
-trur eg.
Eg skal aldri la meg lura meir av Sylvi og av Siv,
-trur eg.
Eg skal aldri gå på fly meir og opne oljefelt,
men tala varmt om elbilar og aldri si no' kontroversielt,
-trur eg
Eg skal aldri selga klimakvotar mer i valkamprus,
men tala vent og grønt på Høyres Hus
- trur eg.
Alle nye oljefelt skal eg sky som bare fan,
-trur eg.
Og gå vyrdeleg forbi dei som ein tilhengjar av Lan,
-trur eg.
Eg skal sitte foran FN og bærekraftig skrifte,
og drikka økologisk saft medan drøset går om det grøne skiftet,
-trur eg.
Då skal ingen meir få sjå meg når det lir til klimakrise,
koma ruslande frå valkamp utan å ha nekta kua fise,
-trur eg.
Eg skal legga meg når ulven går til kvile i sitt bol,
og stå opp når ørna flakser og skrik i aftensol,
-trur eg.
Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt,
-trur eg.
Taka striden upp mot kjøtet og den heile oljemakt,
-trur eg.
Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrst
at eg må ha eit oljefat til å leska meg på fyrst,
-trur eg.
Ole-Jacob Christensen, styremedlem i Vestre Slidre Miljøpartiet dei Grøne

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar