fredag 8 april 2022

Nei til dumping av stein i havet.

Steinstøv frå Europas største pukkverk 

blir slept ut i fjorden like ved Rogalands einaste korallrev.


– Det var sjokkerande. Det var steinstøv på botn og over dyr, og eg såg nesten ikkje ein einaste fisk, seier Erling Svensen.

Undervassfotografen fortel om synet som møtte han då han dykka ned i Sandsfjorden i slutten av februar i år.

Dykket blei gjort like ved Europas største pukkverk, Norsk Stein i Suldal i Rogaland.

Kontrasten var stor til dykk tilbake til 2007 og 2009.

– Då var det fantastisk fint å dykka. Då var det eit rikt liv i fjorden, mykje fisk og biologi, seier Svensen.

Egersundaren har jobba med fotografering og biologi i 40 år og har gjort oppdrag for fleire universitet og Havforskingsinstituttet.

Fryktar støv frå Norsk Stein øydelegg for korallrev – krev sterkare vern – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio 

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar