måndag 19 september 2016

Olav H. Hauge.

Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje --
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa --
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida
inn på ein våg me ikkje har visst um.

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar