söndag 30 augusti 2020

Raseringa av naturen på Stadhalvøya tek til måndag 31.aug.!

 Wenche Hovlid Sortvik:


Raseringa av naturen på Stadhalvøya tek til måndag 31.aug.!
Så kom også vi dit, folk. Til det punkt som vi har prøvd å ikkje tenke på…. Som vi har jobba natt og dag gjennom det siste året for å unngå. Som har verka utenkeleg, uverkeleg og uforståeleg når vi har vandra på stiane på Stadfjellet…. Den ville, vakre og urørte naturen på Stadt skulle jo vere slik for alltid…. Den vesle knyttneven mot storhavet, som har lagt slik i tusener av år, skulle jo aldri verte endra…
Det er varsla at italienske Falck Renewables (under kyndig samarbeid med SFE) startar anleggsarbeidet med tilkomstvegen til «Okla» måndag 31. aug. Trass i om fleire dispensasjonssaker ikkje er ferdig behandla i Stad kommune. Trass i om Oklakonsesjonen skal inn til ny gjennomgang, som fylgje av Stortingsvedtaket 19 juni. Det opplevest som respektlaust. Som eit overtramp. Eit landskap og ein natur i verdsklasse. Som burde vere verna i sin heilskap. Det er ubegripeleg at dette ikkje har tyding for norske styremakter. At det er tyst frå Tina Bru. At Erna Solberg, vår øvste leiar, ikkje grip inn!
Dersom Stadt kan ofrast – JA. Då er ingen plass trygg, folk!! Nettopp difor må vi kjempe vidare no! Dersom ein ikonisk plass som STADT ikkje skal vernast mot øydeleggjing, er noko feil med «systemet». Å ta vare på eit slikt landskap for ettertida, er vår plikt!
Vi kan kjenne på avmakt. Fortviling. Resignasjon. Men – det er NO vi må nytte vår stemme! Reise oss frå stolen og gje uttrykk for kva vi meiner – innan lova sine rammer. Kampen om Stadt strekk seg langt utover Stadlandet sine grenser. Det handlar om noko av vår mest spektakulære natur. Det handlar om det norske demokrati. Om at folket må verte høyrt i saker som berører djupt.
Vonar at MANGE spontant vil møte opp i Borgundvågen måndag 31. aug. for å markere si meining mot å øydeleggje Noreg sitt mest kjende landemerke! Meir info vil kome etterkvart.


Inga kommentarer:

Skicka en kommentar