Utviklinga vekker bekymring.
Ein av dei som ikkje likar det
er Peder Lofnes Hauge,
leiar i Noregs Mållag.
– Det er urovekkande.
Det at engelsk pressar seg inn
på fleire og fleire område
i det norske samfunnet
er vi kritiske til, seier Hauge.
I den nye språklova er det vedteke
at det norske språket skal styrkast
på alle samfunnsområde.
Hauge meiner at
ein må jobbe politisk
for å få meir norsk på digitale flater,
slik som dataspel.
Han fryktar at
all den engelske påverknaden
går utover nasjonalspråket norsk.
– Det er vel og bra å vere fleirspråkleg,
men altfor mange norske elevar
går ut av skulen utan å kunne
lese og skrive norsk skikkeleg,
seier Hauge.
Inga kommentarer:
Skicka en kommentar