Viktig kunnskap kan vere i ferd
med å forsvinne frå befolkninga.
No skal eigne hagar lære skulebarna
å dyrke grønsaker.
Barna får lære seg å dyrke mat
På Nordfjordeid i Vestland er den ideelle organisasjonen
i gang med å organisere matdyrking for barn.
Målet til initiativtakarane er at barna skal lære å dyrke, så og hauste.
Dei etablerer no skulehagar, mellom anna på Nordfjordeid skule.
Anne-Joril Bratlie Haugland i organisasjonen meiner det er viktig at alle tar ansvar i ei sårbar tid. Skulehagar har vore tradisjon i Oslo, og enkelte kommunar i Viken. Elles i landet er det langt mellom tilboda.
– Vi bør alle ha kunnskap og respekt for kva som krevst for å dyrke fram maten vi et, meiner ho.
Vil lære barn å dyrke mat for å takle alvorlege kriser – NRK Vestland
Inga kommentarer:
Skicka en kommentar