"Vi har eit grunnleggjande problem i samfunnet. Samfunnsøkonomar maktar ikkje å setje tal på verdien av fjordane våre, og har berre auge for den kortsiktige profitten gruva vil gje. Den som ikkje ser kostnaden av å øydeleggje ressursgrunnlaget, evnar ikkje å sjå kva prosjekt som vert faktisk lønsame.
Grøn Ungdom er lei av krigen regjeringa fører mot naturen i økonomiens namn. I eit berekraftig samfunn nyttar ikkje gruveindustrien gammaldagse metodar for handtering av avfall og, ikkje minst, vi tek vare på matfatet vårt og artane i fjordane våre."
Inga kommentarer:
Skicka en kommentar